Historien om Åmblibunaden

Åmlibunaden er bygd på folkedrakter frå bygdene Åmli, Gjøvdal, Tovdal og Mykland, som høyrde til Åmli kyrkjesokn. Det var vanlege bruksklede frå slutten av 1700- og første halvdel av 1800 talet som låg til grunn for rekonstruksjonen av både manns- og kvinnebunaden. Sølvet til bunaden har sitt særpreg. Graverte spenner, søljer og knappar, støypte maler og skospenner, men også mykje filigransarbeid.

Hjartesøljene kom truleg frå Sør Sverige og blei laga av gullsmedane i byane langs kysten.

Fleire modellar er frå 1700 talet. Tjostov Ramse i Tovdal (1800 talet) er den mest kjende bygdesølvsmeden i dette distriktet. Han laga søljer, graverte spenner og knappar.

I Øyestad var der eit gullsmeddynasti frå 1670- åra til omlag 1800. Ein av gullsmedane var Michel Nielsen. Han laga den eldste stempla sølja ein kjenner til her i landet, mellom 1709 og 1749. Ein stor del av sølvproduksjonen på den tida var truleg å samanlikne med vår tids knivmaking.

Fleire av modellane var av nysølv. I 1926 sette Aust-Agder Ungdomslag ned ei bunadsnemnd, og innsamlingsarbeidet tok til. Kristine Lauvland Holm var sentral i dette arbeidet. På Nordisk folkedansstemna i Oslo 1932 bar Kristine Åmlibunaden for fyrste gong. Den vekte stor begeistring, og dette sette fart i bunadssaumen. Krigen sette ein stoppar for arbeidet, men nettopp i krigsåra kom folk med gammalt sølv til byen for å bytte det inn. Emma Lauvland, som var gullsmed hos Sigurd Vik i Arendal, kom i kontakt med folk som hadde gamalt sølv. Slik blei mykje redda frå smelteomnen. Emma fekk teikne av og kopiere mange ulike modellar. Det er dette arbeidet som ligg til grunn for min produksjon i dag.
Kristine og Emma fekk Aust-Agder fylkes kulturpris for arbeidet med bunaden og sølvet.

Kjelder:
Jorunn Fossberg, «Draktsølv», Norveig Nybø Hagane, «Bunader i Aust-Agder»
 

Vakker bunad

 

Oppdateres med eRedaktør av Kristiansen SRM.